Eg har fleire arbeid for sal i eit galleri i New York, Kentler International Drawing Space. Galleriet har fokus på arbeid på papir. Eigaren, Florence Neal, traff eg på The First International Mokuhanga Conference i Japan i fjor. Ho vart interessert i trykka mine og ville ha nokre trykk i magasinet, The Kentler Flatfiles. Galleriet får økonomisk støtte frå det offentlege og frå private sponsorar.
Eit viktig arbeid er formidling til barn og galleriet har eit opplegg kor foreldre og barn jobber med eit felles kunstprosjekt. Kvart år er det ei "Benefit" utstilling for å få ekstra sponsorpengar til formidling av kunst og kunstnarar. I år vart eg spurt om å vere med. Det er eit stor evenement med lang førebuingstid. Utstillinga består av 100 kunstverk og vart opna 13. april. Den "store" dagen er 19. mai, den dagen kan alle som har betalt eit fast beløp velje seg eit bilde frå veggen. Kanskje eg "hamnar" hos ein samlar...
Frå opninga 13. april (foto, April Vollmer)
